Eit lite livsteikn frå oss

Lenge sida forrige oppdatering, men for dei som følger hyttebloggen vår så veit dokke at det fortsatt er liv i oss.
I vinter har det våre mykje hyttefokus på oss. Å være sjølvbyggara tek veldig mykje tid og krefter, men håper at det er totalt verd innsatsen når hytta ein gong står ferdig :)

Nokre bilder frå påska. Påska geira vi stort sett på hytta på Bjorli. Nydelig påskevær, ongane kosa seg i snøven og foreldra med mange gode hjelpara bygde hytte :)

Vinter går mot vår og vi har fått ein Rosaruss i hus. Tenk at Sander er snart klar for skulestart, åra går utruleg fort. På hytta gjennstår fortsatt mykje arbeid, men på loftet har vi kome ganske godt på veg :) (sjå http://hyttedraumen.blogspot.no )

Signatur

Hei igjenn

Har våre stille her på bloggen i det siste. Har hatt fult opp med kvardagen, jobb og hyttebygging.
Den lisje tida eg har til blogging har blitt brukt på å oppdatere hyttebloggen vår. Rett og slett prioritert den bloggen med størst lesaraktivitet ;)

Alle er velkomne til å følge oss i hyttebygginga på www.hyttedraumen.blogspot.no

Forutenom hyttebygging går kvardagen vår i juleforbredelsar for tida. Eg har prøvd å være litt kreativ i julepyntinga i år, godt inspirert av fleire facebookvenner *kremt* ;)

Adventslys på plass. Må berre finne eit anna fat.. Dei stakkars nissene ser ikkje skikkeleg over kanten der dei sitt.

Kransen på ytterdøra har fått litt julepynt på seg.

Signatur

Gaver

Fikk ein del pengar til bursdagen min og det var litt ting jeg har trengt lenge og ville kjøpe meg. Tenkte å vise fram kjøpa eg har gjort så langt, så gåvegivarane ser at gåva ikkje berre har gått i den store kvardagspengesluken :)

90liter HH bag. Perfekt til å pakke ytterkle, skiutstyr og anna gråvpakking. Til no har plastposar ol. gjort jobben, så ein god bag til dette formålet har våre på ønskelista lenge.

Ulvang Rav ullgenser. Perfekt utover hausten og vinteren :) vurdere den vaniljefarga, men kom til at det blir lett litt skittent når gensaren skal brukast ute i naturen. Gikk derfor for den mørk grå. (lys grå hadde våre eit alternativ om ikkje Eirik hadde hatt den ;) )

Har fortsatt ein del pengegåve att, men ønskelista er nok også fortsatt lang ;) Dei skal nok få bein å gå på ;)

Signatur

Tur i duskeregn

I dag var ikkje værgudane heilt på vår side, tett overskya og duskeregn, men det stoppa ikkje oss i dag. Kledde oss godt og sette kursen mot Volda og oppover vegen mot Dinglavatnet.

Greit å gå på veg når det er slikt vær som i dag. Rås blir lett litt sleip og ekkel når det duskeregnar (til tider var det nok også borti å pøsregne). Når man i tillegg har ei bæremeis med 1,5åringen oppi må eg være ekstra forsiktig.

Å gå på veg kan lett bli litt kjipt for ein femåring, derfor er litt avveksling ved å springe i skogen langs vegen svære greier.

Meg og ongane oppe ved Dinglavatnet.

Sjeldent brødskiva smakar bedre enn ute på tur :)

Hardt å være ute på tur for små prinsesser, godt å kunne legge seg til å sove litt når nøda blir stor.

Signatur

Saudehornet rett opp

I dag var det "saudehornet rett opp". Motbakkeløp frå 0 til 1303moh.

Samtidig som toppturen går det barneløp eit stykke oppover. Eg, ongane og min far kledde på oss gode kle å trassa regn, skodde og vått føre for å delta i barneløpet.

Eg og ongane komme i mål ;) kjente det godt i føtene at eg hadde nesten 20kg ekstra på ryggen.

Etter målgong venta vi på løparane i konkurranseklassa. Fasinerande kor dei første løparane jogga oppover den bratte bakken. Lette på foten og fulle i energi (iallefall tilsynelatande).

Trass det kjipe været hadde vi ein flott tur :)

Signatur

Ein sommardag

Endelig fikk vi litt sol her på Sunnmøre :) har ikkje hatt mykje av det denne sommaren.

Litt bilder av kveldshimmelen.

Signatur

Ferie - Game Over..

Jepp, då var fire veker ferie her over. Tida har gått så altfor fort, vi har fått gjort mykje desse vekene. Kosa oss masse :)

Heldigvis har eg nokre ferieveker att som skal brukast til hyttebygging utover hausten :) Tippar dei då kjem godt med der ;)

I morgon er det jobb og barnehage att, iallefall for nokon av oss. Anna Emilie har fått feber og skal få litt farmor og farfar tid. Tippar det er relatert til tenner, vi har hatt nokre urolige nettet i det siste, så mykje som tyder på det.

Signatur

Fleire som har hatt ein slapp sommar?

Sjøl om det har våre litt fjellturar, trilleturar og andre spaserturar har dei skikkelig gode treningsøktene våre totalt fråværande her i garden. Kroppen har verkeleg fått kjenne på latskapen. Så i dag var det berre å ta seg sjølv i nakkeskinnet, opp på tredemølla (5,5km) og så vart det ein date med Jillian Michaels og 30 day shred etterpå.

Nike+ treningsappen min kunne fortelle meg før økta at det var 7 veker sida min forrige joggetur, så her var det virkelig på tide med trening igjenn.

Blei kort joggetur då eg kombinerte det med styrketreninga på 30 day shred. Kombinert vart det ei rimelig hard økt.

Usikker på om eg klarer å prioritere tid til å ta eit fullt 30 dagers program, men det får tida vise ;)

Alltid kjekt å logge treningsøkta ;) dette var ein rolig joggetur med 5 på stigninga på mølla ca fart på 7,5.

Nike+ appen er utrulig kjekk for jogging, men kan også være motiverande for dei som går tur, garantert inspirerande til å stadig øke tempoet å gjennomføre lengre og lengre etapper :)

No sit eg i sofaen å kosar meg med hærlig mørk sjokolade (70%) og Cola Zero, kjenner meg alt støl i dei fleste musklane og merker at gangsperra nok kjem snikande.

Ha ei flott helg vidare :)

Signatur

Dyreparken i Kristiansand - Dag 2

På tirsdag hadde vi vår dag to i dyreparken. Om vår dag 1 kan du lese her

 Der var vi ikkje aleine, høyrde snakk om besøksrekord denne dagen, noko vi merka godt. Det var folk over alt, laaaange køer på dei fleste attraksjonene og generelt stappa med folk i kvar ein krok. Vi som trudde søndag var ein folksom dag i parken, i samanlikning var det nesten ikkje folk der den dagen.

Men vi hadde uansett ein kjempe kjekk dag i parken å fikk sjå og prøve det vi ikkje rakk førstedagen :)

Tre gode venner kjika på smokkeskatten til Kaptein Sabeltann. Anna Emilie var heilt frelst, "totten, totten" sa ho igjen og igjen, flira og peika. Var så vidt vi fikk ho med vidare ;)

I Kaptein Sabeltann sin verden var det stapp fullt med folk, nesten ikkje råd å bevege seg rundt.
Måtte halde godt i ongane så dei ikkje skulle forsvinne i folkehavet.

Vi fikk med oss matinga av dyra i den nordiske villmarka. Kjekt å sjå kor ulven sirkla i flokk rundt maten og kor spretten Djerven var oppi treda. Uheldigvis fikk vi ikkje med oss gaupematinga, den skulle eg likt å sjå, men noko må vi nok ha tilgode til ein seinare gong.

Hadde med vogn og bæresele til Anna Emilie. Litt ville ho gå sjølv, men i folkemassene var det godt å ha ho på ryggen. I tillegg var det lettare å bære ho i selen der det ikkje var mulig å ta vogna pga mykje folk, trapper eller innendørs.

Alt i alt ein kjekk dag med mykje kos for både store og små.

Sjølv om prisen er stiv i parken er den absolutt verd eit besøk. Ein verkeleg veldrenven og flott park med stor variasjon i dyr og tema. Igrunn like underhaldande for voksne som for barn.

Signatur

Vår hytteblogg

Som sikkert mange har fått med seg så held vi på med eit hytteprosjekt på Bjorli.
Prosessen og framgongen der kan den som vil fylje med på på byggebloggen vår.

Http://hyttedraumen.blogspot.no

Der vil vi oppdatere om framgongen og tek gjerne mot råd og gode idear om nokon vil dele :)

Bilde frå tomta vår, vi ser mot Vetlegrenda, og i bakgrunnen ser vi Rånakollen.

 

Signatur
Les mer i arkivet » Mai 2013 » Desember 2012 » August 2012
Karoline

Karoline

30, Ørsta

Velkomen til min lisje blogg. Eg er ei sunnmørsjente som bur saman med min sambuar og våre to barn. Sander på 5 og Anna Emilie på 2 år :) Eg bloggar stort sett frå vår kvardag, litt om trening og litt om reise :-) Legg gjerne att ein liten kommentar når du er innom, det sett eg pris på :-)

bloglovin

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits